bring.no

Fortolling Bedrift (nynorsk)

Fortolling av pakkar til/frå Norge

  • For deg som importerer varer med verdi over 200 NOK
  • Eksportfortolling er inkludert i portoen for pakkar
Boxes on sorter-band

Produktinfo

Import
For deg som importerer varer med verdi på over 200 NOK. Bring Logistics kan foreta fortollinga for deg, slik at du sparar tid. Viss ikkje Bring Logistics har ei slik fortollingsfullmakt, vil du få eit tilbod om dette første gongen du mottek ei sending frå utlandet. Eksport For alle pakkeprodukt til utlandet er fortolling inkludert i portoen. Dette gjeld ikkje brevprodukta. Her vil fortollingskostnadane tilkome viss Bring Logistics skal eksportfortolle for deg.

Ta kontakt på telefon 04045 for nærmare orientering.

Prisar

* Du kan få fortollingsavtale ved å kontakte din faste kontaktperson eller vårt kundesenter på telefon 04045.

**Prisen dekkjer kostnadane knytt til lovpålagde oppgåver som må utførast: Framkomsthandsaming, registrering av sendinga og pliktig tollagerreknskap overfor Tollvesenet.

*** Prisen for kontantoppgjer/utleggsprovisjon blir ikkje utrekna for kundar med innvilga og gyldig tollkredittkonto hjå Tollvesenet.

Dette inneber at importavgiftene blir fakturerte direkte frå Tollvesenet og ikkje blir forskottert av oss for bedrifta di.

Søknadsskjema finn du på http://www.toll.no eller ved å ta kontakt med din lokale tollstad.

Ved å melde inn bedrifta sitt tollkredittkontonummer til Bring Logistics vil toll/moms for ettertida bli belasta bedrifta direkte frå Tollvesenet.

Dette kan du gjere ved å nytte ei av desse adressene: postfortolling.pgo@posten.no, faksnr 23 14 63 86 eller Postens Godssenter, Fortolling, 0001 Oslo.

Fortolling Bedrift (ekskl mva)Pris 01.08.10
Pris pr. fortolling for kunder med fortollingsavtalekr 207
Ekspedisjon egenfortolling og tollagerkostnad**kr 93
Tillegg pr oppdrag for kontantoppgjør/utleggsprovisjon. (gjelder for kunder uten tollkreditt)***3,5 % av utlagt beløp, minimum kr 146
Tillegg per varelinje > 1kr 23
Miljøgebyr (engangskostnad)kr 544
Søknad lisenser (per lisens)kr 114
Tollrefusjon (per søknad)kr 367

Produktvilkår

Meir informasjon om import- og eksportreglar får du hjå Tollvesenet.
Les meir om toll